Rekordhøg felling av elg og hjort i Skjåk

Rekordmange elg og hjort vart felt under fjorårets jakt i Skjåk.

Fellingsresultat: 140 hjort og 130 elg vart felt under jakta i Skjåk hausten 2019.   Foto: ILLUSTRASJON/ARKIV/Arve Danielsen

Nyheiter

Det vart felt 97 hjort i valdet Skjåk Utmarksråd, som utgjer dei private grunneigarlaga – og 43 hjort i Skjåk Almenning.

Til saman utgjer dette 140 hjort.

Når det gjeld elgen, vart det felt 37 av desse i Skjåk Utmarksråd – og 93 i Skjåk Almenning.

Til saman utgjer dette 130 elg.

Dette tilsvarar om lag 24,7 tonn kjøt.

– Jegerane har lagt ned ein stor innsats for å oppnå dette resultatet. Det er ynskje om å redusere bestandane av elg og hjort i Skjåk, og fellingsresultatet for 2019 er såleis heilt i tråd med målsettinga i bestandplanen som går frå 2018 til 2020, heiter det i ei pressemelding frå Skjåk Utmarksråd og Skjåk Almenning.