Inviterer til stor basar

Moar grendehus skal arrangere stor basar sundag 26. januar.

Komiteen: Basarkomiteen består av Oddrun Banken, Siv Andersbakken, Jon Berger og Signe Banken.   Foto: Privat

Nyheiter

– Inntekta frå basaren skal gå til grendehuset, fortel Oddrun Banken, Siv Andersbakken, Jon Berger og Signe Banken i basarkomiteen.

Komiteen opplyser at dei allereie har fått inn mange flotte premiar frå lokale bedrifter.

– Dersom det er enkeltpersonar eller fleire bedrifter som ynskjer å gje oss noko, er det berre å ta kontakt.

Det blir mogleg å kjøpe lodd i god tid før sjølve basardagen.

– Vi kjem til å sitja på butikkane ein eller to laurdagar før basaren, slik at fleire kan få teke lodd. Basaren er, saman med bingoen som startar opp att fyrste onsdagen i februar, hovudinntekta til grendehuset, fastslår basarkomiteen.