Bu deg på meir styggevêr

Nok eit uvêr er på tur mot kysten av Noreg, det vil merkast også i Ottadalen.

Det er venta styggevêr og vanskelege køyreforhold dei neste dagane.  Foto: Illustrasjonsfoto/arkiv

Nyheiter

– Fjellovergangar kan bli stengde, seier statsmeteorolog Steinar Skare til NRK.

På fjellet i Skjåk er det meldt opp til sterk kuling frå tysdag ettermiddag. Den sterke vinden er varsla å roe seg torsdag ettermiddag.

I tillegg til vind, er det også varsla mykje nedbør. Det er berre å vente at vegen over fjellet kan bli stengt.

Også køyretilhøva nede i dalen kan bli utfordrande med vêret som er venta.