Skulebuss i grøfta

Ein skulebuss med om lag 15 elevar køyrde måndag ettermiddag av vegen rett vest for Lalm.

I grøfta: Ein skulebuss køyrde i grøfta vest for Lalm måndag ettermiddag.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at utforkøyringa skjedde ved 14-tida. Politiet vart ikkje varsla om hendinga før nærare klokka 15.

Det var ein skulebuss som køyrde i grøfta. Utforkøyringa skal ha skjedd på Sjårdalsvegen rett vest for Lalm.

– Det er ikkje meld om alvorlege personskader, fortel operasjonsleiaren.

Ny buss vart bestilt til passasjerane.