Skal bruke helikopter under merking av elg

Norsk institutt for naturforsking har søkt Vågå kommune om landingsløyve med helikopter i samband med merking av elg.

Elgmerking: Elgen frå Murudalen trekker inn i Sjodalen om vintrane.   Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

Norsk institutt for naturforskning (NINA) skal over ein toårsperiode merke inntil 60 elg med GPS-halsband og øyremerke for å kartleggje bruk av område, individuell reproduksjon og dødelegheit, samt ta prøver for genetiske og helsemessige undersøkingar.

Vinterbeiteområda i Murudalen (Nord-Fron, Sel, Vågå og Gausdal) er område der elgen skal merkast.

Det kan også bli tatt vevsprøver for seinare testing av skrantesjuke (CWD).

I vinterbeiteområda i Murudalen og Sjodalen er det ei stor utfordring med eit høgt beitetrykk vinterstid som fører til problem for skogbruket, og da særlig furuforynging.

Lokalisering av elg skal utførast med helikopter og handtering av elgane vil bli utført av veterinær og nødvendig feltmannskap.

Merking av elg vil bli utført i perioden 2. januar til 31. mars, og vil normalt vere gjennomført i løpet av ei veke, avhengig av snø- og vêrforhold og tilgang på kvalifisert personell.