Justering av løypetrasé for Jotunheimløpet

Sledehundløpet Jotunheimløpet endrar delar av traseen til å gå over Nordre Brurskaret.

Sledehundløp: Jotunheimløpet justerer løypetraseen før årets løp i slutten av mars.   Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

Jotunheimløpet har vore gjennomført to år med gode tilbakemeldingar og stor interesse for at løpet skal videreutviklast og gjennomførast i åra framover.

Arrangøren Jotunheimen Hundekjørarlag har gjort seg erfaringar og hatt nokre utfordringar når det gjeld føreforhold. Med bakgrunn i dette justerer dei noko av løypetraseen.

Under løpet i 2019 gjorde føret til at løypa vart lagt over Nordre Brurskaret, ein trasé hundekøyrarlaget ynskjer å vidareføre.

Dei åra Jotunheimløpet ikkje kan køyre Bygdinrunda, ynskjer arrangøren å kunne køyre på austsida av Valdresflyvegen heile turen over til Jotunheimvegen for å unngå vegkryssingar.

Jotunheimen Hundekjørarlag ynskjer også å køyre Nedre Heimdalsvatnet som ei moglegheit for betre tilpassa distansar til dei enkelte klassane. I tillegg ser arrangøren på traseen gjennom Heimdalen som eit alternativ til løypa over Valdresflye ved dårleg vêr og sterk vind.

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning er positive til traséendringane og gjev løyve til at arrangøren kan få bruke snøskuter langs traseen som ligg i Vågå kommune.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen har gjeve dispensasjonen som gjeld oppkøyring og merking av løype på den delen av strekninga Gjendesheim-Gjendebu-Bygdin som ligg innan nasjonalparken.

I år er datoen for hundeløpet sett til 27. og 28. mars. Løpet blir planlagt med base på Bessheim.