Vegen blir ikkje opna att fredag

Uvêr stenger fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn.

Stengt: Fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn blir ikkje opna att fredag.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Klokka 09.15 fredag morgon melder Vegtrafikksentralen øst at det kraftige uvêret på fjellet fører til at Rv15 mellom Skjåk og Stryn ikkje blir opna att for trafikk fredag.

– Vêrmeldingane utover dagen ser ikkje bra ut, og vêrutsiktene tilseier at det ikkje er forsvarleg å opne fjellovergangen for trafikk i dag, seier ein av trafikkoperatørane på Vegtrafikksentralen til Fjuken fredag morgon.

Det blir gjort ei ny vurdering kring opning av Rv15 mellom Skjåk og Stryn laurdag morgon.


Kraftig vind bles nattbussane i autovernet – riksveg 15 stengt over fjellet

Riksveg 15 mellom Billingen og Ospeli er stengt på grunn av uvêr. To bussar bles inn i autovernet på Strynefjellet.