Unge talent fekk stipend frå banken

Denne veka delte Sparebank 1 Lom og Skjåk ut over 300.000 kroner til talentfull ungdom i bankens geografiske marknadsområde.

Stipendvinnarar: Frå venstre: Banksjef Unni Strand, Synne Vorkinn, Bård Ove Kvalheim Fransson, Astrid Garmo og marknadsansvarleg i banken, Kristin Nygård Lonbakken.  Foto: Sparebank 1 Lom og Skjåk

Nyheiter

«Talentstipendet» blir delt ut til enkeltpersonar i alderen 15-25 år som utmerkar seg innan idrett og kunst/kultur. Det er Sparebank 1 Lom og Skjåk som står bak ordninga, og det er personar som har søkt banken om stipendet som er med i kampen om å få tildelt «Talentstipend».

Målet med stipendet er å stimulere talentfull ungdom i regionen til å utvikle sitt talent som bidreg til å nå store draumar.

Torsdag denne veka vart årets stipend delt ut til glade vinnarar. Tre talent mottok hovudstipendet på 50.000 kroner. Dette var Astrid Garmo frå Lom, Synne Vorkinn frå Lesja og Bård Ove Kvalheim Fransson frå Skjåk.

– Vi er mektig imponert, og dykk inspirerer oss verkeleg med fantastisk pågangsmot og ynskje om å gjeva attende til barn og unge, seier marknadsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken i Sparebank 1 Lom og Skjåk om stipendmottakarane.

Astrid Garmo har drive med folkemusikk sidan ho var åtte år gamal, med fele som hovudinstrument, og gitar ved sidan av. Ho har gått Landslinja i folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule, der ho vart meir interessert i hardingfele. Ho skifta difor hovudinstrument, og kom inn med hardingfele på Norges Musikkhøgskule, der ho nå går siste året. Astrid har bygt seg eit stort repertoar innan flatfele- og hardingfelemusikken, samt lært seg instrument som munnharpe, nyckelharpe, langeleik, i tillegg til song. Astrid skriv og arrangerer også ny folkemusikk. Planen er mellom anna å spela inn plater og få turnere i inn- og utland med ulike band og soloprosjekt som ho jobbar med.

Synne Vorkinn har drive med musikk i ulike formar, gjennom kor, solistoppdrag, piano, gitar og toradar. Lesja-jenta har også mellom anna delteke i Ungdomsmusikalen og spelt i band.

Bård Ove Kvalheim Fransson er komponist og gitarist og har fullført mastergrad innan utøvande jazzgitar ved Leeds College of Music i England, og starta på praktisk pedagogisk utdanning ved Norges Musikkhøgskule. Han ynskjer å kombinere musikar-karrieren sin med å undervise og inspirere barn, ungdom og vaksne. I starten av 2020 kjem Bård Ove med sitt studioalbum som heiter «I fotefar». Albumet vart spelt inn på Kolvangen gard i Skjåk sist sommar, der han har skrive all musikken sjølv, spelt alle instrumenta sjølv, spelt inn, miksa og mastra musikken heilt sjølv. Når Bård Ove er ferdig med utdanninga ved Norges Musikkhøgskule, skal skjåkværen stelle til eit undervisningsopplegg innan musikk, retta mot talentfulle barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen, der målet er å motivere og inspirere til vidare satsing innan musikk.

I tillegg til dei tre hovudstipenda på 50.000 kroner, vart det delt ut mange talenstipend på 15.000 kroner. Fylgjande fekk eit slik stipend: Jørgen Sveinhaug, Ola Aurmo, Vegard Hosarøygard, Anne Sæther, Julie Garmo, Kristoffer Sverdrup, Tormod Weydahl, Alexander Svendsgard, Ingrid Sandviken, Jarmund Øyen Kvernstuen og Rønnaug Sandviken.