Kraftig vind bles nattbussane i autovernet – riksveg 15 stengt over fjellet

Riksveg 15 mellom Billingen og Ospeli er stengt på grunn av uvêr. To bussar bles inn i autovernet på Strynefjellet.

Stengt: Riksveg 15 Strynefjellet er stengt på grunn av uvêr.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

To bussar bles inn i autovernet på Strynefjellet i morgontimane fredag og vart ståande faste.

Det var nattbussane til Måløy og Ulsteinvik som sklei inn i autovernet ved avkøyrsla til Geiranger og vart ståande faste.

Den eine bussen vart førebels berga inn i Oppljostunnelen, før dei begge vart berga ned frå fjellet.

Det er Fjordingen som skriv dette.

Fjellovergangen er no stengd grunna sterk vind. Per no er det berre Filefjell som er ope mellom Aust- og Vestlandet.

I følgje trafikkmeldingane til Statens vegvesen er det ny vurdering om vegen kan opnast att, klokka 15.00.

Oppdatering klokka 09.15: Vegen blir ikkje opna att fredag.