Flåklypa-rekord: Over 400 påmeldte køyrety det fyrste døgnet

– Det er kjempeartig at folk er så ivrige til å melde seg på Flåklypa-løpet, seier løpsleiar Ane Randen Skamsar.

Rekordpåmelding: Løpsleiar Ane Randen Skamsar fortel at det er påmeldt over 400 køyrety til årets Flåklypa-løp.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Laurdag 30. mai blir Flåklypa-løpet arrangert i Ottadalen. Det tradisjonsrike veteranbilløpet samlar hundrevis av gamle køyrety kvart år, og er landets største veteranbilløp. Årets utgåve av Flåklypa-løpet er nummer 29 i rekkja.

Påmeldinga til årets løp opna ved midnatt nyttårskvelden, og i fylgje løpsleiar Ane Randen Skamsar var det fullt trykk på nettsida frå fyrste sekund.

– Ein time etter at påmeldinga vart opna, var det allereie påmeldt 258 køyrety. Og i løpet av det fyrste døgnet var det påmeldt over 400 køyrety, seier Ane Randen Skamsar.

Med andre ord er rekorden frå i fjor slått. Da var det nemleg påmeldt 300 køyrety i løpet av det fyrste døgnet etter at påmeldinga opna.

Startlista blir sett opp fortløpande når påmeldingane kjem, der den aller fyrste får startnummer éin, den andre nummer to, og så vidare.

– For berre nokre år sidan kunne du vera sikker på at du var blant dei 100 fyrste om du meldte deg på i løpet av den fyrste dagen, men nå er du blant dei 400 fyrste, seier Ane.

Ho tykkjer det er artig at Flåklypa-løpet er så populært, og at så mange melder seg på tidleg.

– Dette er utruleg artig, men som løpsleiar blir eg også litt stressa når eg tenkjer på det. Det er mykje folk og mange køyrety. Men nå reknar eg med at det roar seg med påmeldingar. Også kjem det sikkert nokre att når påmeldingsfristen 1. mai nærmar seg, trur Ane.

Ho fortel at det i fjor var påmeldt 534 køyrety, og at 480 av desse stilte til start i Flåklypa-løpet.

Blant dei påmeldte i år er køyrety og deltakarar frå heile landet, og også nokre frå Sverige.

– Det er sjølvsagt mange faste som har vore med i mange år, men også ein del nye folk på startlista, seier Ane.

Køyreruta for årets Flåklypa-løp er førebels ikkje bestemt, anna enn at start som alltid blir på Nordal camping i Lom, og at køyretya skal innom Flåklypa i løpet av turen.

På sjølve løpsdagen er om lag 70 funksjonærar med og hjelper til med gjennomføringa av veteranbilløpet.

– Utan desse folka hadde vi ikkje greidd å gjennomføre Flåklypa-løpet. Enkelt og greitt, seier Ane Randen Skamsar.