Distriktssendingane på TV får ny og betre sendetid

Frå 2. januar vil Hans Andreas Solbakken og dei andre programleiarane i NRK Innlandet presentere nyheiter frå vårt distrikt etter Dagsrevyen.

Programleiarar: Kjente fjes og stemmer i NRK Innlandet: Elin Fossum, Marianne Duun Malmo, Hans Andreas Solbakken og Ivar Arne Nordrum.  Foto: NRK

Gler seg: Ola Martin Ringlund gler seg til den nye sendinga.  Foto: NRK

Nyheiter

Frå og med i dag blir distriktssendingane på NRK flytta lenger inn i beste sendetid.

Fyrste TV-sending frå NRK Innlandet på kvelden kjem etter Dagsrevyen.

Redaktør for NRK Innlandet, Inger Johanne Solli, og redaksjonssjef Karianne Stordal, seier at målet med ny sendetid er å styrke sjåartala på distriktssendingane, fordi det er fleire som ser på fjernsynet etter Dagsrevyen, enn tidlegare på kvelden.

Dei seier at TV-sendinga frå NRK Innlandet klokka 19.45 blir 14 minutt lang, og at det gjev dei betre plass til å koma innom mange stader i det store fylket vårt.

Programleiarane ser fram til endringa i distriktsnyheitene. Ole Martin Ringlund har vore med på å førebu nysendinga og er klar:

– Eg gler meg til å kunne ha fleire gjestar i studio og til at direkteteama våre ute skal få lov til å boltre seg litt meir enn dei gjer i dag.

NRK Innlandet har hatt TV-sendingar sidan februar 1996, tidlegare under namnet Østnytt.