To grasbrannar i Lom

Politiet melder om branntilløp i Lom.
Nyheiter

Det er meldt om to tilfelle av brann i «beplantning» på Gjeisarjordet og i Røyskattlia i Lom, truleg i samband med feiringa nyttårskvelden.

Vaktleder Johansen ved Alrmsentral brann Innlandet kan opplyse om at båe branntilløpa vart sløkt av mannskap frå det lokale brannkorpset.

Det er vind og mange varmegradar i Ottadalen natt til 1. januar.