Ina har pussa opp Tårudstugu i lom

– Å sitja i Tårudstugu og slappe av, fyre i peisen, strikke litt, kanskje – eg elskar det.

Mykje arbeid: – Det har vore mykje arbeid, og meir vil det bli - men eg storkosar meg med å setja i stand att Tårudstugu, seier 33 år gamle Ina Aas Sandvoll.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Ina Aas Sandvoll i Lom har alltid vore historisk interessert og glad i gamle ting. Da ho fekk sjansen til å kjøpe huset etter Barbro Kvamme, som var tanta til bestemor hennar, fekk ho ei lita, skrøpeleg stugu med på kjøpet: Tårudstugu. Denne stugu står berre 10-15 meter nedanfor hovudhuset.