Hest skremt til døde i Skjåk

Politiet mistenker at fyrverkeri er årsak til at ein hest omkom.

10 år gamle Balder vart truleg skremt til døde av fyrverkeri.  Foto: Fjelleventyret

Nyheiter

Ein islandshest frå Fjelleventyret, ei opplevingsbedrift med fleire hestar i Skjåk, vart tysdag klokka 14 funnen død.

– Vi har støtt inn hestane tidleg på dagen nyttårskvelden, fortel Hanne Forreløkken i Fjelleventyret. Alle dyra, så nær som eitt var inne klokka 11 i formiddag, og da tok jentene våre til med å leite etter det vi sakna. Etter tre-fire timar fann dei den døde hesten.

Forreløkken fortel at det var tydeleg kva som hadde skjedd, for hesten vart funnen med ein framfot framover og eine bakfoten bakover. Han hadde sprunge seg til treet i fullt sprang.

– Vi høyrde rakettar i går kveld, og var mest uroa for ein nyfødd kalv på garden, men vart redde da vi ikkje fekk inn alle hestane i dag tidleg, seier Forreløkken, som melde saka til politiet tysdag ettermiddag.

I fylgje politiet har ein veterinær sjekka hesten, og denne har fastslått at årsaka til at hesten døydde er at den har sprunge seg rett inn i eit tre.

Det vil bli gjort undersøkingar i saka.

I Skjåk kommune er det tillat med fyrverkeri kun mellom klokka 23 og 01 nyttårskvelden.