Valdresflye vinterstengt

Fylkesveg 51 Valdresflye er stengt for vinteren.

Vinterstengt: Fylkesveg 51 Valdresflye vart vinterstengt frå laurdag 28. desember.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Om morgonen laurdag 28. desember melde Statens vegvesen at fylkesveg 51 Valdresflye var stengt på grunn av uvêr.

Seinare på dagen kom meldinga om at fjellvegen er stengt for vinteren på strekninga Maurvangen i Sjodalen og Garli ovafor Beitostølen.