Utforkøyring i Skjåk

Ein bil med hesthengar har køyrt av riksveg 15 i Skjåk. Det skal ikkje vere prat om personskader.

Utforkøyring: Politiet i Sel har rykka ut til ei utforkøyring på riksveg 15 i Skjåk.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Klokka 13.54 melde politiet om ei utforkøyring på riksveg 15, ved Kleivholet før ein kjem til Heggebottvatnet frå aust.

Det er ein bil med hesthengar som har køyrt av vegen.

I følgje operasjonsleiar er det ikkje prat om personskader. Det er usikkert om det er to eller fleire i bilen.

Politiet er på veg til ulykkesstaden. Det er politiet i Sel som har rykka ut.

Da Fjuken prata med operasjonssentralen klokka 14.30, var politipatruljen 48 minuttar unna.