Sette opp siktskive på Olashovda i romjula

Mange var med Sjårdalen idrettslag på tur da siktskiva vart sett opp på toppen av Olashovda andre juledag.

Siktskive: Øystein Bakke i Bakke Stålprodukter har laga og sett opp siktskiva på Olashovda.  Foto: Alf O. Bakke

Nyheiter

Sjårdalen idrettslag driv ikkje berre med idrett, men legg også til rette for friluftsliv i nærområdet.

24 personar tok turen til toppen av Olashovda andre juledag for å vere med da den nye siktskiva vart sett opp.

Siktskiva er eit lokalt produkt der Øystein Bakke i Bakke Stålprodukter har laga og sett opp siktskiva, og Ida Visdal Kolden i IVK Design har stått for designet.

Sjårdalen idrettslag har fått 60.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB for å sette opp siktskiva.

Frå toppen av Olavhovda har ein utsikt til fem nasjonalparkar og høge fjelltoppar. Toppen er eit populært turmål både til fots og på ski.

Magnar Bakke i idrettslaget opplyser at skiva har hundre siktpunkt.

Hundre siktpunkt: Magnar Bakke i Sjårdalen idrettslag opplyser at skiva har hundre siktpunkt.   Foto: Yvonne Nyhus

Populært turmål: Olavhovda er eit populært turmål både sommar og vinter. 24 personar tok turen til toppen andre juledag.  Foto: Magnar Bakke