Delar av artistlista sleppt: Sjå kven som skal spela på Countryfestivalen i sommar

Fem av artistane som skal opptre på Countryfestivalen i Skjåk 2020 er offentleggjort.

Til Skjåk: Stine Nilsen & Livin West er blant artistane på Countryfestivalen i Skjåk 2020.  Foto: Pressefoto

Irsk artist: Olivia Douglas frå Irland kjem til SKjåkøygarden til sommaren.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Countryfestivalen i Skjåk 2020 blir arrangert på Skjåkøygarden 25.-28. juni, og nyleg sleppte arrangørane Lena Jenny og Geir Ove Melby namnet på fem av festivalens artistar.

• Det populære festcountrybandet Vassendgutane var i Skjåk sist i 2016, og er eitt av banda som skal opptre under den komande festivalen.

Stine Nilsen & Livin West gjesta countryfestivalen i år, der dei hadde sin aller fyrste festivalopptreden. I juni kjem bandet, der skjåkværen Alf Rune Melby er fast medlem, attende til Skjåkøygarden.

• Det gjer også Fat Fred & The Possumhunters, som i fylgje arrangørane er eitt av dei mest populære banda innan sjangeren rockabilly som har vore i Skjåk. Bandet har vore fast innslag på Skjåkøygarden dei siste åra, og gler seg i fylgje arrangørane til å koma attende til sommaren.

• Det svenske bluegrassbandet The Original Five står også på artistlista på den neste festivalen. Bandet var sist på Skjåkøygarden i 2017.

Olivia Douglas frå Irland er den femte og siste artisten på lista som er sleppt så langt. Olivia Douglas slo gjennom med låta «Leaving Tipperary», og har i tillegg til sitt irske preg på mange av låtane sine, hjarte for tradisjonell country. Den kvinnelege artisten har henta sin inspirasjon frå artistar som Dolly Parton, Tammy Wynette og Alison Krauss. I juni kjem den irske countryartisten til Skjåk.

Resten av artistane som skal spela på Countryfestivalen i Skjåk til sommaren, blir sleppt utpå nyåret.