– Nissen er for feit til å koma ned pipa

Ida, Amund og Terje gler seg til jul, og håpar dei får mange julegåver av nissen. Men at julenissen greier å koma seg ned pipa, har dei ikkje noko tru på.

Femåringar: Ida Teigen Skaansar, Amund Engdal og Terje Lunna i Loar barnehage gler seg til jul, og håpar dei får mange gåver av julenissen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Femåringane Ida Teigen Skaansar, Amund Engdal og Terje Lunna i Loar barnehage i Lom er klare for å feire jul. Særleg gler dei seg til å få besøk av julenissen.