Kaffe og kake for 10 år med dagtilbod i Lom

Brukarar, friviljuge og heimesjukepleia feira tysdag at det er 10 år sidan tilbodet starta opp.

Feiring: Tidlegare tilsett Liv Stenersen, Stine Sva, friviljug sjåfør Sigmund Husom og Anne Eiesar var med å feire at dagtilbodet for heimeverande demente feira 10 år. 

Nyheiter

To gonger i veka har opptil sju heimeverande demente kosa seg med eit variert dagtilbod.

– Frå februar blir tilbodet utvida til tre dagar i veka, kan Anne Eiesar i heimesjukepleia fortelja.

Saman med Stine Sva legg ho opp til mykje aktivitet med dei eldre.

– Vi er på bilturar rundt omkring, kanskje til plassar der dei eldre var da dei var unge. Elles spelar vi bingo, kortspel, kanskje vi spelar bowling - vi tek utganmgspunkt i dagsform og kva dei ynskjer og legg opp etter det, seier Eiesar.

Ein av dei friviljuge som var med på feiringa, var Sigmund Husom. Han har vore sjåfør i om lag 7 år. Sigmund har henta og køyrt folk heim, og han har køyrt alle saman på mange turar desse åra.

– Ikkje nok med at han køyrer, han får praten og historiene i gang. Sigmund set vi stor pris på, seier Stine Sva.

Også tidlegare tilsette i heimesjukepleia var invitert til markeringa i Storstugu på Helseheimen tysdag.