God sesongstart for Reidar

Reidar Aurmo har vore ein av dei beste langrennsløparane på alderstrinnet sitt heilt sidan han debuterte nasjonalt. Både i Ungdommens Holmenkollrenn, Hovedlandsrennet og junior-NM har han gode plasseringar.

Reidar Aurmo presterte bra i sesongopninga på Gålå. Han har hatt ein god treningshaust og har ambisjonar om å prestere godt i vinter.   Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

Reidar har også forhåpningar om at det skal vera mogleg å hevde seg i det som blir hans tredje sesong på juniornivå. Lomværen har teke steget opp i 19 og 20-årsklassa og det inneber at han denne vinteren må finne seg i måle krefter med dei som er eitt år eldre. Den utfordringa er Reidar klar til å ta.