4. desember: Kvar er Fjuken-bamsen i dag?

Her kjem eit lite hint om kvar du kan finne dagens «kalenderluke».

Fjuken-nissebamse: Slik ser bamsen du skal leite etter ut. Kvar dag i desember fram til juleftan blir det sett ut ein bamse med Fjuken-logo i ei bedrift eller ein butikk i Vågå, Lom eller Skjåk.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I år har Fjuken, saman med næringslivet i Ottadalen, laga ein spennande og triveleg julekalender.

Kvar dag i desember til og med juleftan vil det bli sett ut ein liten julenissebamse med Fjuken-logo i ei bedrift eller ein butikk i Ottadalen. Finn du han, er han din til odel og eige. Kanskje vil det også vanke ein liten førjulspremie frå bedrifta der nissebamsen sit ...

Det einaste du må gjera er å få einkvan i butikken eller bedrifta til å ta bilde av deg saman med nissebamsen når du har funne han. Vinnarar vil bli presentert både i papiravisa og på nettsida.

Her på nettida til Fjuken vil det kvar morgon bli lagt ut eit lite hint om kvar bamsen kan vera å finne den aktuelle dagen.

Dagens hint:

I dag er eg i kommunen lengst vest, nokså sentralt i kommunen til og med. Eg kan til og med røpe at eg sit i ein butikk!