Krafttak for grøn vekst

Gudbrandsdalen skal bli «Den smarte grøne dalen».

Grøn dal: – Det må etablerast innovative, grøne, konkurransedyktige arbeidsplassar, heiter det i prosjektbeskrivinga.  Foto: Arkiv/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Gudbrandsdal Energi, Eidsiva Energi, Eidefoss og Skjåk Energi har saman teke initiativ til eit forprosjekt som skal setja Gudbrandsdalen på kartet som «Den smarte grøne dalen».

Forprosjektet skal ende i ein grøn næringsstrategi som grunnlag for innovasjon og berekraftig vekst. Energiselskapa inviterer dei 12 kommunane og næringslivet i Gudbrandsdalen med på satsinga.

– Utfordringa er at Gudbrandsdalen blir tappa for folk, kunnskap og ressursar. Den negative folketalsutviklinga vil halde fram dersom vi ikkje set i verk tiltak som kan snu flyttestraumen, heiter det i prosjektbeskrivinga.

Energiselskapa ynskjer, i tett samarbeid med kommunane, å utarbeide ein strategiplan for utvikling av innovative, grøne, konkurransedyktige arbeidsplassar.

Gudbrandsdalstinget har oppmoda dei 12 kommunane til å bli med på eit spleiselag. Det betyr at kvar kommune bidreg med 25.000 kroner kvar, i alt 300.000 kroner. Oppland fylkeskommune er oppmoda til å stille med det same beløpet, 300.000 kroner.

Formannskapet i Skjåk tok stilling til saka tysdag, og vedtok samrøystes å løyve 25.000 kroner til prosjektet.

– Det er positivt at energiselskapa er med. Dei har kompentanse på litt av kvart, så det blir interessant å sjå kva dei kjem fram til, kommenterte Stig Erlend Banken (Ap).

Ordførar Edel Kveen (Sp) sa seg samd.

– Absolutt. Dette er eit spennande prosjekt.