Det er venta vanskelege køyreforhold

Det snør tett i Skjåk tysdag morgon.

Det snødde tett i Skjåk ved 6-tida tysdag morogn.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det blir åtvara mot spegblanke vegar over store delar av landet dei neste dagane. Varmegradar og regn mot tela veg er ingen god kombinasjon.

Tysdag morgon er det minus 3 i Skjåk, og det snør tett. Det skal ifylgje yr.no bli mildare utover dagen og utover veka. Meteorologane varslar at det særleg torsdag skal koma mykje nedbør, særleg vest i dalføret og i vestlege fjellstrok. I tillegg til vind, vil dette føre til skredfare.