Skjåk har landets eldste bilpark

2,5 millionar bilar rullar på norske vegar. Snittalderen er 10,5 år.

Skjåk har landets eldste bilpark  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

I ein statistikk frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), som tv2.no/broom syner til, finn ein at det er i Bærum ein har dei nyaste bilane. Der har dei ein snittalder på 6,8 år.

I den andre enden av skalaen finn ein Skjåk. Gjennomsnittsalderen i ottadalsbygda lengst vest er 18,2 år.

– Trendane kjem kanskje litt seinare dit. Vi ser heller ikkje nokon stor elbileffekt. Ein annan faktor er klimaet. I Skjåk er det tørt, og på vinteren: Kaldt. Det gjer at bilane ikkje rustar så fort som mange andre stader i Noreg. Der er kontrasten stor til dei som køyrer rundt på salta vegar fleire månader i året, seier Benny Christensen, Brooms bilekspert.

Han seier òg at mykje kjem an på eigarane av bilen, kor godt dei tek vare på han og kor høg køyrelengda er.