Vogntoget berga seint laurdag kveld: Lossa tonnevis med papp og papir for å lette arbeidet

– Vogntoget er tungt lasta, og vi har difor bestemt oss for å losse mest mogleg for å gjera bergingsarbeidet enklare.

Lossing: Vogntoget som velta i grøfta i Vågå var lasta med 30 tonn med papir og papp. Laurdag kveld vart bilen vogntoget lossa for å lette bergingsarbeidet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det sa ein av sjåførane i Dombås Bilberging til Fjuken laurdag kveld, om vogntoget som velta i grøfta på fv 51 rett ovanfor Randen i Vågå fredag ettermiddag.


Lastebil velta i grøfta

Ein lastebil velta i grøfta på fylkesveg 51 ovanfor Randen i Vågå fredag ettermiddag.


Vogntoget var lasta med 30 tonn med returpapp og -papir.

Da Fjuken var på staden ved 19-tida laurdag kveld, vart det lossa papp og papir for harde livet. Lasta bestod av 30 buntar på eitt tonn kvar med papp og papir, og lossinga var eit omfattande arbeid.

– Dette er utruleg tidkrevjande. Vi veit ikkje om vi får sluttført bergingsarbeidet i kveld. Vi må sjå kor lang tid lossinga tek, og ta det frå der, sa sjåføren i Dombås Bilberging.

Vegtrafikksentralen øst varsla laurdag kveld fyrst at berginga mest truleg ville gå føre seg på dagtid sundag. Klokka 23.58 laurdag kveld melder Vegtrafikksentralen at vogntoget nå er berga, og at vegen er open att for trafikk.

I grøfta: Vogntoget velta i grøfta fredag ettermiddag.  Foto: TomErik Solstad

Papp og papir: Det var tidkrevjande å losse vogntoget laurdag.  Foto: Tom Erik Solstad

Arbeid: Det var Dombås Bilberging som fekk i oppdrag å få opp att vogntoget på fv51.   Foto: Tom Erik Solstad