Robert fann Fjuken-bamsen 1. desember

Sundag kveld vart den fyrste Fjuken-bamsen funne.

Fann den fyrste bamsen: Robert Kvålshagen fann Fjuken-bamsen 1. desember.   Foto: YX Skjåk

Nyheiter

Det var Robert Kvålshagen som fann Fjuken-bamsen i dag, 1. desember. Bamsen var gøymd på YX Skjåk i Bismo, og det tok mange timar før bamsen vart funne. Faktisk vart han ikkje funne før utpå kvelden.

Som finnaren, får Robert Fjuken-bamsen til odel og eige. Det vanka også ein førjulspremie frå YX.

Var det ikkje du som fann nissebamsen i dag? Fortvil ikkje! I morgon gøymer vi ein ny Fjuken-bamse hjå ei bedrift eller ein butikk i Skjåk, Lom eller Vågå.

Fylg med på nettsida vår i morgon tidleg for eit hint om kvar bamsen kan vera.

PS: Fleire har kommentert på Facebook-sida vår i dag etter at vi la ut hintet om kvar bamsen kunne vera. Vi presiserer at adventskalender-konkurransen går ut på å «fysisk» finne bamsen. Det å gjette riktig på Facebook gjev ingen premie.