Sjå bilde frå revyen «Jul i Randsvingen»:

Litt av eit juleevangelium i Sjårdalen

Visste du at Jesusbarnet eigentleg er fødd i Sjårdalen? Det er heilt sant, i fylgje Sjårdalen Amatørteaterlag.

Revy: «Jul i Randsvingen» med Sjårdalen Amatørteaterlag baud på mange gode revynummer. Ein av favorittane til Fjuken var nummeret «Julestugu», der Uno Løken spelte julenisse.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Jesusbarnet vart nemleg fødd i ein stall i Svenstadhølen, der Josef og den høggravide Maria fekk husly etter å ha vandra Sjårdalen rundt i håp om ein plass i herberget. Dette var berre noko av det publikum vart vitne til i Sjårdalen samfunnshus.