– Dans er livet for meg

Live Visdal er utdanna dansepedagog innan moderne og samtidsdans, men snur like lett på foten og dansar folkedans.

Dans: Live Visdal er utdanna dansar frå Universitetet i Stavanger med moderne samtidsdans som kunstarisk uttrykksform. Arv og miljø gjer at ho også har føtene planta i lokal dansetradisjon. Live har som mål å fremje dansekunsten i regionen og arbeider både for å profesjonalisere dansemiljøet og å framheve dans som eigen kunstart. Nyleg vart ho tildelt stipend for unge kunstnarar frå Oppland fylkeskommune og som ein del av stipendet vil ho lage ei danseførestilling ute i naturen og fjellet.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Dans har vore ein del av livet til Live Visdal (29), frå heilt sidan ho som lita jente var danseballerina heime i Synsliom, til musikalar i ungdommen, utdanning innan dans, kulturskulelærar og kappleikdansar.