Melby Transport har investert 4,6 millionar kroner i meir tomt og bygningsmasse: – Ei kolossal investering

Melby Transport har lenge følt at dei har hatt for liten plass. Nå har familiebedrifta i Skjåk kjøpt naboeigedomen og fått ni nye mål å boltre seg på.

Melby: Familiebedrifta Melby Transport i Skjåk har fått betre plass. Dei har kjøpt naboeigedomen i industriområdet i Bismo, og fått ni nye mål. Frå venstre: Lena Jenny Melby i Countryfestivalen i Skjåk, styreleiar Stein Arne Melby, dagleg leiar Geir Ove Melby, og kontormedarbeidar Maika Melby.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Frå før hadde vi sjølve berre 1,8 mål med tomt, pluss ei tomt ved sidan av som vi leiger. Nå sit vi plutseleg med 11 mål med tomt sjølve, seier Geir Ove Melby.