Fv51 stengt frå klokka 16.00 laurdag grunna berging av vogntog

Berging av vogntoget som køyrde av vegen og velta i grøfta ovanfor Randen i Vågå fredag, gjer at vegen må stengast ei stund laurdag ettermiddag.
Nyheiter

Det er Vegtrafikksentralen som melder om at fv51 vil vera heilt stengt frå klokka 16.00 laurdag grunna bilberging.

Fredag ettermiddag velta eit vogntog i grøfta på fylkesvegen, ovanfor Randen i Vågå, og det er arbeidet med å få oppatt dette vogntoget som er årsaka til stenginga.


Lastebil velta i grøfta

Ein lastebil velta i grøfta på fylkesveg 51 ovanfor Randen i Vågå fredag ettermiddag.


Vegtrafikksentralen varslar at vegen vil vera heilt stengt i om lag ein time frå klokka 16.00 laurdag.

Vidare blir det opplyst at omkøyring for mindre køyrety er via Lalm og fv456, medan større køyrety må til Sjoa og fv257.