Stor leseglede på skulen

På Skjåk barne- og ungdomsskule har dei hatt fullt fokus på lesing. På fire veker las elevane i 1.-4. klasse fleire hundre bøker.

4. klassingar: Rikke Røhr Brukveen, Tyra Isabel Brandsar, Thomas Hestdal Teigen og Bjørnar Melhus Aaboen går i 4. klasse og har lese mange bøker og skrive mange bokmeldingar i løpet av lesevekene. 4. klassingane kunne fortelje at klassa til saman har lese 116 bøker.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Nyleg avslutta 1.-4. klasse på skulen ein fire veker lang leseaksjon. Desse vekene har det vore fullt fokus på lesing, både på skulen og heime. Elevane har lese side opp og ned, det har vore høgtlesingar i klasseromma, og elevane har skrive bokmeldingar. Fargerike «boktre» har pryda foajeen på Skjåk barne- og ungdomsskule. Her har elevane hengd «blad» på trea når dei har vore ferdige med ei bok.