Stemningsfull «Jul i Storstugun»

Gjeling-Ljomen, Reidar Svare, Mari Midtli, Martin Steinum Brun og kapellmeister Vidar Hoel. Vågå kommune hadde sett saman litt av ei pakke med juleknask i Vågå kulturhus torsdag kveld.

Julekonsert: Det vart ein stemningsfull torsdagskveld i Vågå kulturhus under julekonserten «Jul i Storstugun».  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg ynskjer velkomen, men kjem ikkje til å koma frampå scena att for å takke for konserten. Grunnen til det er fyrst og fremst fordi eg veit at dette blir bra. Men eg vil også at dykk skal gå att frå her med lyden av vakker musikk i øyra, og ikkje lyden av stemma mi, sa tenesteleiar for kultur, Stein Holen, før han introduserte årets julekonsert-aktørar i Vågå kulturhus.