Melding om brann i uthus i Vågåmo

Ved 12-tida fredag vart det meldt om ein brann i eit uthus i Vågåmo.

Brann: Det er meldt om brann i eit uthus i Vågåmo fredag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Det er politiet som melder om at det har vorte meldt om brann i eit uthus i Vågåmo.

– Ukjent omfang. Naudetatar varsla, melder politiet i Innlandet på Twitter.

Brannen vart meldt inn klokka 12.12 fredag.

Klokka 12.23 opplyser politiet at brannvesenet er på staden, og at det er berre røykutvikling. Det skal ikkje vera folk til stades på adressa, i fylgje politiet.