Lastebil velta i grøfta

Ein lastebil velta i grøfta på fylkesveg 51 ovanfor Randen i Vågå fredag ettermiddag.

Utforkøyring: Ein lastebil velta i grøfta på fv51 fredag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 16.25.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken klokka 16.45 opplyst at naudetatane er på veg til ulykkesstaden, og at politiet førebels ikkje kan seie noko om nasjonalitet eller skadeomfang.

– Det er berre éin person involvert i utforkøyringa, og han framstår som uskadd, opplyser operasjonsleiar Marianne Brun.

Rett før klokka 17.30 får vi opplyst at det er prat om eit norsk vogntog med ein norsk førar.

I fylgje politiet er det svært glatt i området der lastebilen køyrde i grøfta.

– Naudetatane opplyser at det er spegelblankt på vegen, og det er det glatte føret som er årsaka til utforkøyringa, seier Brun.

Operasjonsleiaren fortel at vogntoget skal ha velta i grøfta rett oppi bakken ovanfor Randen, på fylkesveg 51.

Berging er bestilt, men politiet opplyser at dette vil ta noko tid.

– Det kjem bergingsbil frå Dombås. Dette tek sjølvsagt noko tid, seier Marianne Brun.

Ho opplyser at vogntoget er lasta med samanbretta papp, og at det difor ikkje er noko farleg last ein må ta omsyn til under berginga.

Fv51 er delvis stengt forbi ulykkesstaden, og blir truleg heilt stengt når berginga tek til i kveld.