Håpar katastrofefilm skal auke fokuset på nye tunnelar

Filmen «Tunnelen» har premiere i romjula. Lom Ap håpar filmen skal hjelpe til med å realisere planane om ny trase på riksveg 15 over fjellet.

Lom Ap håpar leiande politikarar skal få opp augene for kor farlege tunnelane mellom Skjåk og Stryn er når dei får sett filmen «Tunnelen».  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

– Den einaste grunnen til at det ikkje har skjedd ei alvorleg tunnelulykke på Strynefjellet er at sjåførane veit kor farleg det er der, men det blir stadig fleire trailersjåførar på norske vegar som ikkje er lokalkjende. Tek det fyr her blir tunellane som ein skorstein, sa Bjørn Ola Aukrust i Lom Ap da han møtte partiets nestleiar Bjørnar Skjæran og partisekretær Kjersti Stenseng på Otta.