Inviterer til juletretenning, hesteskyss og gløgg

Bismo Vel, Skjåk kommune, Skjåk kjøpesenter og Skjåk Energi tek oppatt suksessen frå i fjor, og håpar på ei triveleg førjulsstund i Bismo fredag.

Førjulsstund: Mari Sofie Bergheim (fremst), Nina Kveum, Hilde Kielland Mølmen og Merete Dagsgard håpar mange vil vera med på juletretenninga utanfor kommunehuset i Bismo fredag ettermiddag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det heile startar med tenning av det store juletreet utanfor kommunehuset fredag ettermiddag. Etter dette blir det hesteskyss frå kommunehuset og opp til kjøpesenteret, der det blir servert gløgg og peparkaker, seier Nina Kveum i Bismo Vel.

Saman med dottera Mari Sofie, Hilde Kielland Mølmen og Merete Dagsgard i «komiteen» håpar ho på minst like bra oppmøte som i fjor.

– I fjor hadde vi reinen «Litol» til stades under juletretenninga. Det blir dessverre ikkje noko rein i år, men Esben Bjørnstad kjem med juleneka sine, smiler Kveum.

Skjåk Energi vil også tenne julemasta si i Aursjovegen i løpet av denne dagen.

– Ta på deg nisselua, ta med familie og vener, og møt opp ved juletreet utanfor kommunehuset, seier Nina Kveum.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bismo Vel, Skjåk kommune, Skjåk Energi og Skjåk kjøpesenter.