Finn Fjuken-nissebamsen

I år har Fjuken, saman med næringslivet i Ottadalen, laga ein spennande og triveleg julekalender.

Nisseleit i desember: Slike bamsenissar, med Fjuken-logo, vil bli å finne i Ottadalen i desember. 

Nyheiter

Kvar dag i desember vil det bli sett ut ein liten julenissebamse med Fjuken-logo i ei bedrift eller i ein butikk i Vågå, Lom, eller Skjåk.

På heimesida til Fjuken vil det kvar dag bli lagt ut eit lite hint om kvar bamsen kan vera å finne.

Finn du han, er han din til odel og eige. Det einaste du må gjera er å få einkvan i butikken eller bedrifta til å ta bilde av deg saman med nissebamsen.

Kanskje vil det vanke ei anna førjulshelsing òg ...

Lykke til med leitinga!