– Det er uheldig at det blir gjort forskjell på folk

Det sa Sigrun Garmo (Ap) da formannskapet i Lom onsdag diskuterte om det skulle seiast ja eller nei til utsett buplikt på Øyøygard.

Buplikt: – Vi kjem til å få til behandling fleire liknande saker. Derfor må vi vite kva vi driv med, sa Sigrun Garmo.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Julie Vaagaasar fekk konsesjon på Øyøygard i 2014. Det vart da sett vilkår om buplikt innan 1. januar 2018. Dette vilkåret vart ikkje oppfylt og landbrukskontoret etterlyste derfor informasjon om saka. Julie Vaagaasar søkte da om vidare utsett buplikt – og fekk avslag frå formannskapet.