Folketalsnedgangen i Lom:

– Relativt dramatisk

Folketalsnedgangen i Lom har skote fart det siste året. Nedgangen kan resultere i heile 3 millionar kroner mindre i statlege overføringar.

Urovekkjande: Det blir færre og færre innbyggjarar i Lom. Mykje av nedgangen skuldast at flyktningane flytter ut så fort dei er ferdige med introduksjonsprogrammet. 

Nyheiter

Det kom fram i formannskapsmøtet i Lom onsdag. Svein Holen, som er leigd inn for å hjelpe Lom kommune med budsjettarbeidet, kunne fortelja at folketalet i Lom gjekk ned med 75 personar i perioden 1. juli 2018 til 1. juli 2019.