Folketalsutviklinga:

Nedtur i heile Ottadalen

I tredje kvartal gjekk folketalet i Ottadalen ned med 31 personar.

Deprimerande: Lom fekk ein nedgang på 24 personar i tredje kvartal.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Lom har desidert størst nedgang i Ottadalen, med ein minus på 24 personar.

Lom har nå 2246 innbyggjarar.

Skjåk har hatt oppgang i lang tid, men dette kvartalet vart det nedtur også i Skjåk: Minus 4.

Skjåk har nå 2213 innbyggjarar.

I Vågå er det heller ikkje så mykje å gle seg over: Minus 3.

Vågå har nå 3582 innbyggjarar.