MEINING:

Minneord for treningsrommet i Skjåkhallen

  Foto: Per Steinar Løkken

Nyheiter

Skjåkhallen har nå vore i bruk i omtrent 40 år. Nesten like lenge har det vore eit treningsrom i kjellaretasjen ved sida av symjegarderobene.

Rommet hadde beskjedent utstyr i byrjinga, men i seinare år har det vorte riktig bra. Lenge stod rommet ope for alle med det resultatet at ein del tok turen innom, ikkje for å trene men meir for å leike seg, det fungerte dårleg. Den opne løysinga førte og med seg ein del rot og hard bruk av apparata, og stundom lite trivelege tilhøve for den som ville trimme.

Seinare vart det lås som kravde eit adgangskort for å koma inn, kortet har kosta vel 600 kr pr år, svært rimeleg for eit slikt tilbod. Musikkanlegg gjorde det mogleg å høyre på radio eller spela musikk. Det kunne vera usemje om lydnivå, men inntrykket er at brukarane tok omsyn til kvarandre. Eit problem av nyare dato er øydelegging av golvet med tunge vekter. Det er berre vanleg golvbelegg på støypgolv, og når sterke, unge menn lyfta tungt og sleppte vektene i golvet vart det hol i belegget. Kanskje noko manglande innsikt i korleis ting fungerar?

Rommet har vore jamt brukt, ofte i kombinasjon med symjehall. Ei avslutning med badstugu gjorde alltid ein slik ”kombikveld” til ei bra oppleving. Foreldre som køyrde ungar til og frå trening kunne slå i hel tida med trim. Elles har ein inntrykk av at mange pensjonistar nytta rommet, og når det nå kjem fram kor viktig ”tung” trening er for eldre så skjønar ein at trimrommet har hatt ein viktig funksjon for denne gruppa. Det er grunn til å tru at kommunen har stor gevinst i høve til sjukeheimsplassar og heimeomsorg.

Så skjer det noko som gjer mange av oss brukarane urolege. Det byggjest eit nytt treningssenter i gamle snekkeriet. Det var prat om at det gamle treningsrommet kunne bestå som eit lågterskeltilbod ved sida av det nye, men nå høyrest det usikkert ut. Vi kjenner ikkje til at brukargruppene har vore spurde om den nye ordninga, og det er uheldig i høve til ein demokratisk prosess. Kan raskt peike på fylgjande uheldige sider ved løysinga som er vald:

• Det blir ikkje høve til badstugu etter besøk i trimrommet. Det er synd sidan moderat bruk av badstugu har ein god helseeffekt, og når det som regel er fleire i badstugu samtidig kan det bli eit triveleg, sosialt samver der ein kan løyse store og småe problem.

• Kombinasjon med vekttrening og symjing etterpå blir så å seie umogleg utan store, praktiske problem.

• Prisen på det ny treningssenteret blir det firedobbelte av dagens pris. Ikkje uoverkommeleg for dei fleste, men for dyrt for ein del.

• Det er logisk at ein idrettshall har eit treningsrom med vekter og ymse apparat. Ungdomsskulen har blant anna hatt god nytte av rommet.

Ein vil på det sterkaste rå til at treningsrommet får bestå som eit lågterskeltilbod gjerne med noko færre apparat enn tidlegare. Er det naudsynt må ein kunne justere prisen noko, og skulle det vera behov kan vi heilt sikkert få til ein dugnad om det trengst for å halde rommet i god stand.

Til slutt vil ein takke for utruleg mange gode trimøkter gjennom trettifem år og ynskjer samstundes det nye treningssenteret hell og lykke! Diverre passar nok ikkje eg inn der, og det er mange med meg …