Gudbrandsdalstinget:

Krev at Nortura Otta blir vidareført

– Det er heilt uakseptabelt å leggje ned Nortura sitt anlegg på Otta.

Klar tale: Nortura sitt anlegg på Otta skal utviklast, ikkje avviklast, krev Gudbrandsdalstinget.   Foto: Skjermbilde/Arkiv

Nyheiter

Gudbrandsdalstinget, som er eit politisk forum for Lillehammer og Gudbrandsdalen, har i dag samla seg om ein uttale til styreleiar og konsertdirektør i Nortura.

– Over 120 arbeidsplassar på Otta blir borte dersom anlegget blir lagt ned. Det vil vera svært dramatisk for heile Gudbrandsdalen og den enkelte familie som blir ramma, skriv Gudbrandsdalstinget i uttalen.

Gudbrandsdalstinget slår fast at ei nedlegging av Nortura Otta vil vera ein kraftig, unødvendig og provoserande sentralisering innanfor ein sektor som nettopp nyter godt av verdiane i distriktet.

– Gudbrandsdalstinget har forståing for at leiinga i Nortura ynskjer å styrke selskapets resultat. Svaret kan likevel ikkje vera fleire tilsette nær Oslo, større einingar og færre arbeidsplassar der verdiane reelt blir skapt. Nortura Otta har gjennom fleire tiår bidrege til og hausta av samspelet med lokale produsentar, reiselivet, kommunar og forbrukarar. Norturas solide posisjon i vår region er eit resultat av dette gode samspelet, skriv Gudbrandsdalstinget som peikar på at det er lagt fram gode alternativ for vidareføring av anlegget på Otta, som både styrkar Nortura si konkurransekraft og ivaretek interessene i regionen.

– Gudbrandsdalstinget krev at Nortura vurderer desse vidareføringsalternativa grundig og objektivt. Nortura sine eigarar i heile Innlandet har sagt tydeleg frå. Dei vil behalde slakteriet på Otta. Gudbrandsdalstinget krev at Nortura lyttar til eigarane sine – og at anlegget på Otta blir utvikla, ikkje avvikla.