Julegrana er på plass

Det lir mot julegateopning i Vågåmo. Tysdag morgon kom julegrana ved Lasaronstolpen på plass.

Julegran: Tysdag morgon vart julegrana ved Lasaronstolpen sett på plass.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det måtte til maskinell hjelp for å lyfte på plass julegrana ved Lasaronstolpen.

Grana var ferdig pynta med ljos, slik at det berre står att å setje i kontakta.

Laurdag er det julegateopning i Vågåmo.

Da blir det tenning av julegran både ved Andre Etasje og på Moajordet. Og ved kommunehuset blir det underhaldning.