MEINING:

– Dersom statusen nasjonalparklandsby skal brukast som argument mot utvikling, bør kommunen søke fritak frå ordninga

– Bør Lom vurdere å søke fritak frå ordninga som nasjonalparklandsby, undrar tidlegare ordførar Simen Bjørgen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Statusen som nasjonalparklandsby skulle aldri svekke grunnlaget for næringsutvikling i tettstaden eller kommunen.

Nyheiter

I samband med debatten om rådmannen sin tittel sist veke, les eg i Fjuken at satsinga på Fossbergom som nasjonalparklandsby vart brukt som argument mot ei endring.

Det var fordi den nemninga som gjennomgåande vert brukt i ny kommunelov, ville gje assosiasjonar til kapitalisme og næringsliv. Det var da noko heilt anna enn det ein nasjonalparklandsby skulle stå for. Dette reagerer eg på, da det er feil.

Saman med daverande Fylkesmann Kristin Hille Valla med fleire andre, var eg så heldig å få delta i ei nemnd som utmeisla kriterium for både nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar i 2008. Difor kan eg forsikra alle som måtte lura på det, at det var aldri tanken at ein status som nasjonalparklandsby skulle svekke grunnlaget for næringsutvikling i tettstaden eller kommunen.

Det var heilt tvert i mot.

Statusen som nasjonalparklandsby skulle bidra til å utvikla vertskap og tilrettelagde opplevingar basert på natur- og kulturarv som ein naturleg innfallsport til nasjonalparken. Inspirasjonen var mykje henta frå nasjonalparkar Italia, der det er opna for betydeleg tilrettelegging i både landsbyen og nasjonalparken. Ein nasjonalparklandsby skulle også til by overnatting, servering og aktivitetar som eit verkemiddel for auka verdiskaping i kommunar og bygder rundt verneområda.

Eg er litt usikker på korleis stoda er i dag. Men eg har lita tru på at konseptet no er så radikalt forandra at det ikkje skal være mogleg å drive med næring på Fossbergom lenger. Eller investera i produksjonsmidlar som er naudsynte for å tene pengar.

Dersom denne statusen til stadigheit skal brukast som argument mot utvikling av næringslivet og kommunen vår, bør Lom kommune vurdera å søke om fritak frå heile ordninga.