MEINING:

– Den siste sløkkje?

Nyheiter

Fjuken slår opp «Nedtur i Ottadalen» med statistikk og tal om kor mange personar som har fløtt frå Ottadalen. Men, bak desse tala ligg det mykje utan at dette kjem fram. Kanskje er ikkje alt beksvart?

Færre folk – ein nasjonal trend

Samansetninga i befolkninga, demografien endrar seg fordi vi får færre born enn før. Søskenflokkane har gått frå å vera 5 til 1,67 i snitt på om lag 50 år. Dette betyr jo ikkje at det reiser busslast på busslast med folk frå Ottadalen år på år fordi dei mistrivst her. Det er «folk som aldri var fødd» som manglar i statistikken. Vi veit at ei ny «balanse» i befolkninga vil koma dersom barnetalet stabiliserer seg på kring to. Sjølv med den lågaste nasjonale veksten lagt til grunn så viser SSB si framskriving av folketalet at det vil vera over 2100 folk i Lom i år 2040.

Ein anna grunn til at innbyggjartalet i netto går ned er mellom anna at mange busette flyktningar fløt vekk etter introduksjonsåra sine. Dette har samanheng med at Ottadalen over tid var heldig å fekk busette mange flyktningar. Kulturelt og sosialt spanande og bra, og dette har i ei viss grad «korrigert» eller forskyvd nedgangen i folketalet framover i tid. No får ikkje lenger Ottadalen busetjing av flyktningar og nedgangen i folketalet fortset.

Lom eller Ottadalen er heller ikkje aleine om denne demografiske utviklinga: korrigert for innvandring så søkk folketalet samla i Noreg i dag. Men, heldigvis så er det innvandring og utvandring – folk fløt på seg og det gjeld også Ottadalen.

Utfordringane som følgjer med

Befolkningsutviklinga fører til nokre utfordringar, med mellom annan lågare inntekter til kommunen, mange eldre pr person i arbeid og omorganisering av eldreomsorgen med større fokus på hjelp i heimen. Desse problema skal vi ikkje ignorere - vi skal løyse dei. Vi skal løyse det vi kan lokalt og i 2021 skal ei ny regjering gjere det den kan ordne opp i situasjonen frå nasjonalt hold. For regjeringa vi har no gjer på ingen måte noko for å vege opp for utviklinga heller. Tvert imot så fyrer dei opp den eine sentraliseringsreformen etter den andre for å gjere livet surt for utkantane som kjenner aller mest på demografiutfordringane.

I LOVE LOM

Men, bak tala om befolkningsutviklinga ligg det også folk som har fløtt til Ottadalen, og som treng å bli tatt godt imot og inkludert i eit lokalsamfunn som har trua! Det ligg ligging og bornefødslar i tala! Vi i kommunane i Ottadalen levere gode tenester, vi har eit mylder av lag og foreiningar og fritidsaktivitetar. Vi har så mykje. Fjuken har også eit ansvar for å vise dette? Gjeva litt kjøtt på beinet til det som kan framstå som nedslåande, dommedagsfakta? Gjeva litt framtidshåp til ein stakkars novemberkald Ottadøl?

Når eg køyrer ein tur så ser eg andre som har same entusiasme som meg: eg ser folk som byggjer på husa sine, butikkar som utvidar og folk som går tur og trivst med å vera ute i omgjevnadane i Ottadalen. Dette er mitt utgangspunkt når fyrste store utfordring i ny kommunestyreperode skal løysast: budsjett for 2020.