Trafikkuhell ved Lemonsjøen: Køyrde i grøfta og hamna på taket

Ein personbil fekk skrens og hamna i grøfta måndag ettermiddag.

Bil i grøfta: Ein personbil fekk skrens og køyrde i grøfta på Lemonsjøen i Vågå måndag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Trafikkuhellet skjedde på fylkesveg 51 ved Lemonsjøen i Vågå. Politiet fekk melding om hendinga rett etter klokka 17 måndag ettermiddag. Ein personbil med éin person skal ha fått skrens på glatt føre og hamna i grøfta.

– Bilen har gått rundt og hamna på taket, seier operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt til Fjuken.

Ved operasjonssentralen får vi opplyst at føraren er undersøkt av ambulansepersonell på staden, og framstår som uskadd.

Føraren er i fylgje politiet heimehøyrande i distriktet.