Nye namn på utval i Skjåk

I Skjåk har både Miljø- og næringsutvalet, og Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg nå fått nye namn.

Nye namn på utval: Kommunestyret i Skjåk har vedteke namneendring på to av utvala i Skjåk.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

I etterkant av dialogkonferansen på Sota i juni, har tenesteområdet som ligg under Miljø- og næringsutvalet endra namn til miljø- og samfunnsutvikling. Kommunedirektøren i Skjåk har difor oppmoda kommunestyret om å endre namnet på utvalet til Hovudutval for Miljø- og samfunnsutvikling.

Under kommunestyremøtet i Skjåk torsdag i førre veke stod namneendringa på saklista.

Det var delte meiningar om å endre namnet på utvalet. Åtte av representantane var imot kommunedirektøren si innstilling, medan åtte representantar var for. Sidan resultatet vart likt, nytta ordførar Edel Kveen, som stemde for innstillinga, si dobbeltstemme. Det nye namnet blir difor Hovudutval for Miljø- og samfunnsutvikling. Endringa av namnet har ikkje innverknad på kva saker som skal behandlast i utvalet.

Det kom også eit endringsforslag på namnet til Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg under kommunestyremøtet. Det var Håvard Krogstad Berger (Sp) som kom med endringsforslaget. Han ynskte å få med kultur som ein del av namnet på utvalet, og kom med forslag til nytt namn: Hovudutval for helse, oppvekst, omsorg og kultur. Forslaget vart vedteke samrøystes.