Ull er gull for Synnøve og Ragnhild

I dagens digitale verd er det kamp om domenenamn. Det fekk Synnøve Høijord og Ragnhild Jacobsen merke. Dei starta med «naturull» og enda opp med Naturgull.

Ull er gull: Synnøve Høijord og Ragnhild Jacobsen strikkar av garn frå fjellsau. Dei var to av mange lokale produsentar av handverk som deltok under julemarknaden til Vågå husflidslag i Ullinsvin.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Naturgull er ei lokal bedrift som består av tre damer frå Vågå. To av dei, Synnøve Høijord og Ragnhild Jacobsen, var på plass i Ullinsvin i helga og julemarknaden til Vågå husflidslag.