Føredrag om krigen i Noreg

Forfattar Ingar Sletten Kolloen kjem til Lom tysdag 26. november for å halde føredrag om si fyrste bok i serien; «Under krigen».

Forfattarbesøk: Føredraget med forfattar Ingar Sletten Kolloen tysdag 26. november er lagt til Utgard fleirbrukshus i Lom.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Framifrå forteljar: Ingar Sletten Kolloen vil leggje mest vekt på historiane frå Gudbrandsdalen  Foto: Morten Brun

Nyheiter

Ingar Sletten Kolloen har gjeve ut fyrste bind i ein serie på tre om krigen i Norge.

Denne første boka, «Vi må ikke falle», tek for seg okkupasjonsåret 1940.

Her følgjer ein bekymra politikarar, diplomatar og vanlege folk før krigsutbrotet.

Ein blir kjent med unggutar som måtte drepe eller bli drept, kvinner som stelte såra under bomberegnet, familiar som mista absolutt alt og dei som svikta da det galdt som mest.

I boka kjem ein tett på spelet i kulissane under kongens og regjeringens flukt, og opplever korleis ein kvar måtte prøve å tilpasse seg.

Forfattaren som er ein framifrå forteljar vil presente den nye boka si, og vil leggje mest vekt på historiane frå Gudbrandsdalen.

Det blir høve til spørsmål frå salen, kaffi, biteti og boksal.

Arrangementet er lagt til Utgard fleirbrukshus.